PXT: Send ein hemmeleg beskjed
Introduksjon
I denne oppgåva skal du sende og motta hemmelege beskjedar til/frå ein annan micro:bit ved å bruke radiosignal. Du treng nokon å utveksle hemmelege beskjedar med! Finn nokon som har lyst å gjere denne oppgåva saman med deg.
Steg 1: Set opp ei radiogruppe
Sjekkliste
-
radio.setGroup(42)
Steg 2: Send ein hemmeleg beskjed
Sjekkliste
input.onButtonPressed(Button.A, function () {
radio.sendString("Hemmelig beskjed")
})
OBS!
Micro:bit-en klarar ikkje å vise Æ, Ø eller Å. Bruk heller AE, OE og AA.
Beskjeden burde heller ikke vere for lang sidan micro:bit-en berre klarar å sende nokre få ord kvar gong.
Steg 3: Lag sendar og mottakar
No er du klar til å sende hemmelege beskjedar. Men fyrst må me skrive kode slik at dei hemmelege beskjedane kan bli motteke og lese.
radio.onReceivedString(function (receivedString) {
})
"RecievedString" tyder "Motteke tekst" på norsk, og beskjeden som blir motteke blir lagra i klossen som heiter dette.
radio.onReceivedString(function (receivedString) {
basic.showString(receivedString)
})
Test prosjektet
No er me klare til å både sende og motta beskjedar!
For å laste ned koden må du fyrst ha kopla micro:bit-en til datamaskina med ein
USB-kabel. Klikk på knappen Last ned nede til venstre på skjermen. No blir det
lasta ned ei fil som heiter microbit-Uten-navn.hex til datamaskina di.
Samstundes dukkar det opp eit vindauge som seier at du må flytte denne fila til
MICROBIT-disken på datamaskina di.
Ekstra testing
Det er mogleg å justere styrken på sendaren til micro:bit-en ved å bruke klossen
radio sett sendareffekt som du finn viss du trykkar på Radio
og så more(meir) rett under. Den høgste styrken sendaren kan
ha er 7. Prøv fleire ulike styrkar når du går gjennom punkta under.