Nivå 4PXT: Nødt eller sannheit

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

I denne oppgåva skal du lage spelet nødt eller sannheit. Når knapp A vert trykt skal ei tilfeldig utfordring visast på micro:bit-en, og når knapp B vert trykt skal eit tilfeldig spørsmål bli vist.

Steg 1: Lag listene

Det fyrste du må gjere er å lage to lister - ei med utfordringar og ei med spørsmål. Me brukar lister sidan dei kan innehalde mange element (her er kvar utfordring og kvart spørsmål eitt element), og dette kan me bruke seinare når me skal hente ut ei tilfeldig utfordring eller eit tilfeldig spørsmål.

Sjekkliste

Bilete for å vise klossen me brukar for å lage ei liste

Døme på spørsmål: Er du redd for edderkoppar?

Døme på utfordring: Syng ein song.

Steg 2: Vel ei utfordring

Det neste me skal gjere er å lage kode som vel ei utfordring når knapp A vert trykt.

Sjekkliste

Bilete for å vise kva kloss ein kan bruke for å finne eit element i ei
liste

Steg 3: Vel eit spørsmål

Dette er siste steg før koden din er ferdig. Her skal me lage kode for å velje eit spørsmål.

Sjekkliste

Det er sannsynlegvis raskare å kopiere (høgreklikk på den ytste ramma) og endre koden enn å lage den frå grunnen av.

Steg 4: Testing

No er koden din ferdig, men du kan framleis teste og forbetre koden din slik du vil.