PXT: Komponer ein melodi
Introduksjon
I denne oppgåva skal me kople micro:bit-en til hovudtelefonar eller ein liten høgtalar og spele av ein melodi du kodar sjølv.
Me treng litt ekstra utstyr:
-
2 ledningar med krokodilleklemmer
-
Hovudtelefonar eller ein buzzar (ein liten høgtalar)
Micro:bit-en har fem store tilkoplingar på brettet som me kallar portar. Desse er kopla til store hol og er merka 0, 1, 2, 3V og GND på micro:bit-en.

Me brukar GND-porten for å fullføre ein krins. Viss du heldt på GND-porten med ei hand kan du programmere micro:bit-en til å oppdage at du tek på 0, 1 eller 2 med den andre handa (då brukar du kroppen din til å fullføre ein elektrisk krins). Dette kan du bruke for å få micro:bit-en til å gjere eller vise ulike ting. Du kan òg få micro:bit-en til å sende signal ut gjennom portane. Til dømes kan du programmere micro:bit-en til å sende ut lyd, og viss du koplar på ein høgtalar med krokodilleklemmer kan du høyre på lyden.
Du kan lese meir om portane på micro:bit-en her: microbit.org.
Steg 1: Interaksjon
Sjekkliste
input.onButtonPressed(Button.A, function () {
})
Steg 2: Komponer melodi
No kan du komponere din eigen song som ved spelt av når knapp A vert trykt. Du bestemmer sjølv kva toner som skal spelast og kor lenge dei skal spelast av. Viss du set saman fleire toner får du ein melodi. No skal me vise korleis du kan komponere den velkjente "Happy Birthday". Viss me skriv den som noter ser den slik ut:

Sjekkliste
input.onButtonPressed(Button.A, function () {
music.playTone(262, music.beat(BeatFraction.Whole))
})
Merk at her kan du bestemme kva tone som skal spelast og kor lenge den spelast av.
input.onButtonPressed(Button.A, function () {
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Half))
})
No får du spelt av den fyrste tona. Så må du leggje til reisten av tonene for å
få heile songen. Eit lite triks er å kopiere den fyrste spel tone-klossen
ved å klikke på den med høgre museknapp:

input.onButtonPressed(Button.A, function () {
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(330, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(392, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(370, music.beat(BeatFraction.Double))

music.playTone(440, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(392, music.beat(BeatFraction.Double))
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(294, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(587, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(494, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(392, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(370, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(330, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(523, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(523, music.beat(BeatFraction.Half))
music.playTone(494, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(392, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(440, music.beat(BeatFraction.Whole))
music.playTone(392, music.beat(BeatFraction.Double))
})
Steg 3: Gjer klart for lyd
Micro:bit-en har ikkje høgtalarar. Derfor må me kople til ein buzzar eller hovudtelefonar. Måten me koplar til ein buzzar er litt ulik måten me koplar til hovudtelefonar. Fyrst får du ei sjekkliste for korleis du koplar til ein buzzar, og så kjem sjekklista for korleis du kan kople til hovudtelefonar.
Buzzar - sjekkliste
Hovudtelefonar - sjekkliste
Test prosjektet
No er det på tide å sjå om micro:bit-en klarar å spele melodien du har komponert!
Nokre utfordringar
Nokre forslag til endringar og utvidingar, men prøv å kome på andre ting sjølv!
No har du lært korleis du kan skrive ein melodi i micro:bit-en. Under er nokre idear til vidareutvikling, men finn gjerne på noko heilt eige!