Nivå 2PXT: Hermegåsa

Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål

Åpne på mobilen

Skann koden med kameraet på mobilen. Avkrysningene dine blir med.

Introduksjon

Hermegåsa er eit spel der ein person er spelleiar. Spelet går ut på at spelleiaren skal utføre instruksjonar på micro:biten sin som dei andre spelarane skal gjenta (herme etter) på micro:biten sin. Det er eit spel for fleire spelarar, og det er om å gjere å vere den raskaste spelaren til å herme etter spelleiaren. Spelleiaren har oversikt over poenga til dei ulike spelarane på skjermen sin, og spelet blir avslutta når ein spelar har vunne 5 gonger.

Bilete av tre micro:bitar som speler Hermegåsa

På biletet ser du at spelleiaren er i midten og har poengsummen til spelar 1 og spelar 2 på skjermen sin. På sidene har spelarane fått beskjed om kva dei skal gjere, i form av ei pil på skjermen. Fyrstemann som vippar micro:biten sin same veg som pila vinn.

Steg 1: Sjekk at du har riktig utstyr

Det er viktig at du har alt utstyret og tilbehøret for å kunne gjere denne oppgåva.

Sjekkliste

Spelereglar

Her er eit oversyn over reglane i spelet:

Skjerm viser Spelar utfører
A Trykk på A
B Trykk på B
C Trykk på A + B
< Vipp til venstre
> Vipp til høgre

Steg 2: Programmere spelleiaren

Når spelet skal starte må me syte for at alle micro:bitane kan kommunisere med kvarandre. For å få til det må me bestemme eit gruppe-nummer som alle deltakarane brukar for å sende informasjon over bluetooth. I tillegg må me lagre at me har sendt ut ei melding til deltakarane, slik at me ikkje sender ut fleire meldingar før me har fått svar på den førre.

Sjekkliste

  radio.setGroup(37)
  let Player5 = 0
  let Player4 = 0
  let Player3 = 0
  let Player2 = 0
  let Player1 = 0
  let MessageSent = false

OBS!

Hugs at gruppenummeret du har valt må brukast alle stader i spelet der du skal bestemme gruppenumer. I denne oppgåva har me valt talet 37.

I oppgåva antek me at me har fem spelarar. Viss de kjem til å vere færre spelarar enn det, så treng du ikkje leggje til så mange.

Steg 2: Vise poeng på skjermen

For å halde oversyn over kor mange poeng dei ulike spelarane har, så viser me det på skjermen til spelleiaren. Viss nokon av spelarane får 5 poeng, så gir me beskjed om at den spelaren vann.

Sjekkliste

  basic.forever(function () {
      led.plot(Player1 - 1, 0)
  })
  basic.forever(function () {
      led.plot(Player1 - 1, 0)
      led.plot(Player2 - 1, 1)
      led.plot(Player3 - 1, 2)
      led.plot(Player4 - 1, 3)
      led.plot(Player5 - 1, 4)
      if (Player1 == 5) {
          radio.sendString("P1 won!")
          basic.showString("P1 won")
      }
  basic.forever(function () {
      led.plot(Player1 - 1, 0)
      led.plot(Player2 - 1, 1)
      led.plot(Player3 - 1, 2)
      led.plot(Player4 - 1, 3)
      led.plot(Player5 - 1, 4)
      if (Player1 == 5) {
          radio.sendString("P1 won!")
          basic.showString("P1 won")
      } else if (Player2 == 5) {
          radio.sendString("P2 won!")
          basic.showString("P2 won")
      } else if (Player3 == 5) {
          radio.sendString("P1 won!")
          basic.showString("P1 won")
      } else if (Player4 == 5) {
          radio.sendString("P1 won!")
          basic.showString("P1 won")
      } else if (Player5 == 5) {
          radio.sendString("P1 won!")
          basic.showString("P1 won")
      }
  })

Steg 3: Sende ut meldingar til deltakarane

Så må me sende ut meldingar til deltakarane om kva dei skal herme etter. Me lagar ein kloss for kvar av dei ulike meldingane, ut frå reglane som er beskrive lengre opp.

Sjekkliste

  input.onButtonPressed(Button.A, function () {
    if (MessageSent == false) {
        radio.sendString("A")
        MessageSent = true
    }
  })
  input.onButtonPressed(Button.A, function () {
      if (MessageSent == false) {
          radio.sendString("A")
          MessageSent = true
      }
  })
  input.onButtonPressed(Button.B, function () {
      if (MessageSent == false) {
          radio.sendString("B")
          MessageSent = true
      }
  })
  input.onButtonPressed(Button.AB, function () {
      if (MessageSent == false) {
          radio.sendString("C")
          MessageSent = true
      }
  })
  input.onGesture(Gesture.TiltLeft, function () {
      if (MessageSent == false) {
          radio.sendString("<")
          MessageSent = true
      }
  })
  input.onGesture(Gesture.TiltRight, function () {
      if (MessageSent == false) {
          radio.sendString(">")
          MessageSent = true
      }
  })

Steg 4: Sjekke svaret til deltakarane

Etter kvar runde må spelleiaren sjekke kva deltakar som var raskast til å herme.

Sjekkliste

  radio.onReceivedNumber(function (receivedNumber) {
      if (MessageSent == true) {
          if (receivedNumber == 1) {
              Player1 += 1
              radio.sendString("1")
          }
          MessageSent = false
          basic.pause(1000)
      }
  })
  radio.onReceivedNumber(function (receivedNumber) {
    if (MessageSent == true) {
        if (receivedNumber == 1) {
            Player1 += 1
            radio.sendString("1")
        } else if (receivedNumber == 2) {
            Player2 += 1
            radio.sendString("2")
        } else if (receivedNumber == 3) {
            Player3 += 1
            radio.sendString("3")
        } else if (receivedNumber == 4) {
            Player4 += 1
            radio.sendString("4")
        } else if (receivedNumber == 5) {
            Player5 += 1
            radio.sendString("5")
        }
        MessageSent = false
        basic.pause(1000)
    }
  })

Steg 5: Overføre programmet til spelleiaren

Steg 6: Programmere spelarane

Fyrst må me syte for at spelarane koplar seg til spelleiaren og gir dei eit spelarnummer, slik at me kan sjekke kven som vinn.

Sjekkliste

  radio.setGroup(37)
  let Player = 1
  basic.showNumber(Player)

Steg 7: Når spelar mottek ei melding

Neste steg er å ta imot meldinga om kva me skal herme etter, og lagre den. Då kan me sjekke at me har gjort rett seinare.

Sjekkliste

  radio.onReceivedString(function (receivedString) {
      basic.showString(receivedString)
      Press = receivedString
  })

Steg 8: Når spelar sender ei melding

Siste steg er å herme etter spelleiaren og sende ein beskjed i retur.

Sjekkliste

  input.onButtonPressed(Button.A, function () {
      if (Press == "A") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })
  input.onButtonPressed(Button.A, function () {
      if (Press == "A") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })input.onButtonPressed(Button.B, function () {
      if (Press == "B") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })input.onButtonPressed(Button.AB, function () {
      if (Press == "C") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })input.onGesture(Gesture.TiltLeft, function () {
      if (Press == "<") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })input.onGesture(Gesture.TiltRight, function () {
      if (Press == ">") {
          radio.sendNumber(Player)
          basic.clearScreen()
      } else {
          basic.showIcon(IconNames.Angry)
          basic.pause(500)
          basic.showString(Press)
      }
  })

Steg 9: Overføre programmet til spelarane

Overfør programmet til kvar av spelarane sine micro:bitar. Hugs å endre programmet med spelarnummer mellom kvar gong, og last det ned på nytt.

Sjekkliste

OBS!

Hugs å endre nummeret kvar spelar får mellom kvar nye micro:bit du koplar til og lastar ned programmet til. Du må laste ned programmet på nytt for kvar av spelarane med dei endringane du har gjort.

Utfordringar

Sikkerheit med server og klient

No har me laga ein applikasjon med server (spelleiaren) og klientar (spelarane). Spelarane kommuniserer gjennom kvar sin klient, men koordinerer (tel kven som vinn) på ein server.

Sikkerheit i spelet vårt

Kvar klient kan i prinsippet bestemme kva kode som skal køyre på si eiga eining. Det gjer det mogleg å jukse! for å unngå at det er mogleg å jukse må me tenke oss om for å finne ut korleis me skal kode serveren og klienten vår.

Å la klienten sende tilbake "eg hadde rett" er ikkje sikkert. Då kan eg lage min eigen klient som alltid gir meg alle poenga, uansett kva eg har svart.

Å la klienten sende tilbake "eg svarte B" er betre. Då må eg faktisk vite svaret for å kunne få poeng. Kva trur du skjer viss du gjettar alle svara heile tida? Klarar du å tenke på ein måte som gjer det umogleg?

Sikkerheit på Facebook

Facebook er ein annan applikasjon som er delt inn i klient og server.

Klienten viser bileta dine og venene dine. Du ser klienten når du går til facebook.com i ein nettlesar. Når du brukar Facebook-appen på ein mobiltelefon, brukar du ein annan klient.

Serveren heldt styr på all informasjonen. Serveren kan seie om du prøver å logge inn med riktig brukarnamn og passord. Serveren veit kven som er venene dine, og den veit kven som kan administrere kva sider og grupper.

Kva hadde skjedd viss gruppeadministrasjon vart handtert i klienten? Korleis kunne du då ha laga din eigen klient? Kva kunne du gjort med den?