PXT: Blinkande hjarte
Til lærerveiledningenOgså på:Bokmål
Introduksjon
I denne oppgåva skal me få eit hjarte til å blinke i ulike hastigheiter.
Steg 1: Me finn "gjenta for alltid"-klossen
Sjekkliste
basic.forever(function () {
})
Koden som er inni ein gjenta for alltid-kloss vil gjenta seg
så lenge micro:bit-en er kopla til straum (batteri eller PC).
Steg 2: Hjarte som blinkar
Sjekkliste
basic.forever(function () {
basic.showIcon(IconNames.Heart)
basic.clearScreen()
})
Ser du at hjartet blinkar? Det skjer veldig fort, for biletet visast og slettast så raskt programmet får til.
Steg 3: Endre hastigheit på blinkinga
Sjekkliste
For å kontrollere kor lenge biletet skal vere synleg, og kor lenge skjermen skal vere mørk, legg me inn pauser.
basic.forever(function () {
basic.showIcon(IconNames.Heart)
basic.pause(100)
basic.clearScreen()
basic.pause(100)
})
Viss du skal bruke den same klossen fleire gonger kan du høgreklikke på den og trykke på lag kopi.